torsdag 9. august 2007

Colombia/ Ecuador

Først av alt, så vil eg beklage for at eg ikkje har blogga på over to måneder. Kan skylde på ufattelige dårlige datamaskiner i Colombia, men det er vel helst latskap og kanskje litt lite tid… Skal prøve å oppsummere heile Colombia oppholdet og så langt i Ecuador (som ikkje var i reiseplanen i det heile tatt!).

Så, here it goes; Mitt opphold i Bogota varte altså i to veke. Kaldt ja, men det var kjempefine uker. Vi var på museum, fjelltopp og fikk mange nye venner. Viktoria som vi møtte i Salvador kom og hilste på, og det samme gjorde ein av familiemedlemmane fra Amazonas, Rory. Vi fire hadde noken fine dager sammen før Viktoria reiste videre. Ho er for øvrig heime i Australia sammen familien i Adelaide. Kan ikkje vente med å besøke ho. Fantastisk jente. Etter eit par litt vel morsomme dager i Bogota (spin the bottle er fortsatt gøy når man er over tjue…), så bestemte vi oss for å pakke sekken og reise videre. Vi reiste til Kafferegionen, til eit liten plass med navn Salento, som ligger ein time fra byen Armenia. Me budde i eit hus der familien bestod av 3 skjønne småjenter, engelsk far, colombiansk mor, 3 fantastiske hunder og eit par katter. Thom stakkar vart sjuk, og holdt seg ganske rolig dei dagane me var der. Eg gikk til dei to kaffeplantasjene med nye venner. Først reiste vi til ein kaffeplantasje der alt vart gjort som for sikkert 100 år sidan. Me plukka kaffebønnene sjøl, malte dei, la dei til tørking, knuste kaffen og kokte den over åpen flamme. Den beste kaffen eg hadde smakt på lenge! Så gjekk turen over til den andre og moderne plantasjen. Etter ein lang dag på den første, så var ikkje den andre så spennande dessverre. Men kjekt å sjå korlein ein stort anlegg handla mykje større mengder kaffe.
Den andre kvelden i Salento gikk til å feire Sveriges nasjonal dag (vi var med Emma og Martin fra Sverige, pluss Marcus fra Finland). Vi veit det at svenskene ikkje feira den, men hei, vi er i Sør Amerika, koffør ikkje?? Med heile laga kjøttbullar, potatismos, saus og sjokoladekake så vart det ein veldig vellykka kveld. Hadde ein liten touch med guacamole, som fungerte fint ;)

Så gikk turen over til Medellin. Der var vi kun for ei helg, og for å vere heilt ærlig, på grunn av at utelivet i Medellin er kjempebra. Men eg klarte i tillegg til å ta eit par pils, å paraglide, som var kjedelig, finne ein replika av ein gammel by, reise på tangokurs og sjå store delar av byen. Ganske forskjellig fra filmen Blow…. J

Så gikk ferden til Santa Marta, ein plass som vart eit stort vendepunkt i turen. Thom og Rory reiste nemlig til The Lost City, mens eg tok ein buss inn til ein pytteliten plass som heiter Taganga. Taganga har 6000 innbyggere (men er myyyyyyykje mindre enn Årdal). Dette er på den karibiske kyst, og er kjempeidyllisk. Det er ein del turister der, men det er litt greit med nytt blod kver uke. Da Thom og Rory kom ned i fra Lost City, så møtte dei ein rykende fersk dykker! Dykking er fantastisk, berre heilt enormt. Sveve rundt vektløs, puste under vann, fange blå, gule, nemo fisk med hendene, stillheten og kontrollen er det beste eg har vert med på. Veit eg har sagt i alle år at dykking vil eg aldri gjer, men nei… er hekta… Vi heng sammen på stranda i eit par dager før Thom og Rory reiste til Cartagena. Eg bestemte meg for å ta ein lengre ferie i Taganga. Trudde det var den store avskjeden med Thom, for ho ville til Panama. Men jammen kom jenta tilbake J Vi hadde noken fine uker sammen før ho bestemte seg for å reise heim til Norge. Så ho reiste og der satt eg aleina i Taganga. Kan ikkje sei aleina, for eg klarte å samle meg mange nye venner, og fekk heim følelse. Tok eit advanced kurs hos dykkerklubben min Oceano (elsker alle der), og fikk jobb som turistjeger :) Så dei 7 ukene eg var i Taganga, er noke eg vil ha med meg for resten av livet. Kjekke dykkere (litt for kjekke av og til…Coto, Chuchu, Damien...), jobb som inneholdt å prate og dykke med backpackere (fikk betaling i gratis dykk som koster ca 300 kr stk), budde i Casa Francesa og fekk ein ny bror i Bruno (som eg savner sårt), og hadde det kort sagt den beste tiden i livet der. Hadde og andre som vart buende der lenge, så eg hadde fleire gjenger med venner. Artesano vennene mine prøvde å lære meg å flette armband og slikt, men det var umulig… Alle i Taganga har vert fantastisk, og eg savner alt og alle masse! Og eg er spesielt fornøgd med at fra ikkje kunne eit ord spansk da eg kom til Colombia, har samtaler i dag. Tusen takk til alle vennene mine som ikkje prater engelsk :)

Men det er jo alltid nødvendig å flytte på seg, så etter tårevåt avskjed, avskjedsfest og eit siste dykk, så satt eg på bussen til Bogota (sutra ganske lenge…). Hadde eit par dager i kulden, før eg havna i Quito i Ecuador. Tok bussen til Guayaquil, og det er her eg er no. Bur i eit gigantisk hus og deler leilighet med Marte, min gode Kvarteret venninne fra Mandal og Tuva. Vi har det fantastisk sammen! Marte går på skule, Tuva jobber på ein skule, og eg ligger på sofaen :) Til helga skal vi til stranda og feire min bursdag, så i dag skal vi på spa for å friske oss litt opp. Har det fortsatt kjempebra, og er frisk og rask (litt kvalm etter sjokolade orgie i går..). Planlegger å reise videre neste veke, men veit ikkje heilt kor…. Vil til Mexico, men og New York. Og Peru, og Brasil…. Hjelp! Er der noken som har eit godt forslag???

Skal oppdatere bloggen meir no, det lover eg! Skal slutte å vere lat og gjere meir enn å vere på Facebook…. Legg igjen ein kommentar viss det er noke eg ikkje har fått med meg!
Kos dikka masse, det gjer eg :)

PS! Legger fortsatt ut alle bildene mine på stintin.slide.com, men høyrer at det ikkje er enkelt å finne dei.... dei er ca 400 nye bilder der, så viss de leiter, så finner de dei nok. Skal ordne opp i alt når eg kjem heim. gidder ikkje no :)

Salud

Ingen kommentarer: