heisann.
jaha, da var ein tre dagers tur over fjellet i lencois over.
no er lårmuskelene stive, skuldrane ømme og sjela mykje lettare.
lencois er ei lita bygd 6 tima nordvest for salvador. vi var 5 jenter som reiste fra salvador på torsdagskveld.
meg, thom, victoria fra australia, shira fra israel og molly fra the cheese state (wisconsin, usa).
vi tok nattbussen fra salvador og var framme i lencois kl 05.30 fredagsmorgen. vi sjekka inn på casa de helia, ein pousada vi anbefaler sterkt til andre reisende.
der har dei verdens beste frokost, og det var tre og fire runder kver morgen.
fredag ordna vi oss ein guide som skulle følge oss over heile chapada diamantina som er nasjonalparken. shira ville desverre ikkje vere med på den, for vi fekk beskjed om at den er veldig hard og tøff.
uansett så gikk alle 5 til ein naturlig vannsklie. det var vel ca 45 min gange til sklia. der vart vi kjent med det spesielle vatnet i denna nasjonal parken for første gang. det er brunt... saa det såg ut som vi sklei rett ned ei ei stor øl tønne. fantastisk! vatnet er fullt av jern, og er heilt trygt å bade i og drikke. og det gjer underverker for hår og hud. vi møtte og to danske gutter som va hadde blitt kjent med tidelegare.
om kvelden var vi i power puff bursdags selskap til ei jente på tre år. eg veit ikkje mamma og pappa, eg trur de aldri har lagt så mykje arbeid i noken av våre tre års daga... det var 12 power puff kaker, jentene hadde pp kjoler, det var maleri av pp over alt, mildt sagt så var det heilt ekstremt. for de som ikkje veit det, power puff er tre tegneserie superhelt jenter. for barn... i alle aldre.
uansett så var det komme oss til sengs tidlig for dagen etter begynte turen. vi pakka sekkane våre med telt, mat, kle, first aid kit og alt som trengs til ein slik tur.
vi gikk rett opp poison hill, hoppa fra stein til stein i ei elv, klatra ned til ein dal, og klatra rett opp igjen. deretter var det ganske mange høgdemeter rett ned igjen, og for å vere heilt ærlig, så har eg aldri vert så redd før. men når me kom ned så gjekk me inn til verdens mest romantiske fossefall og bada der.
etter det var det å skli inn til campen paa såpeglatte steina langs elva. første camp var 600 moh. der satt vi opp telt og kokte mat på primus. eg trur klokka var 19 da vi segna om i teltet...
ved soloppgang etter ei ubehagelig natt, var det til å koke frokost, pakke sammen teltet og komme oss videre. vi gikk i to timar langs elva og satte opp neste camp. etter ein liten pausegikk vi inn til det o store fossefallet som eg ikkje kan navnet på.... det er 380 meter høgt. vi stod nede og såg opp og kjente kraften fra fallet. og tenkte med skrekk at me skulle opp der dagen etterpå. for å komme oss inn dir måtte me sli rundt på steina, klatre i tre for å komme oss opp til steinane og var skikkelige apekatter. vi såg faktisk ein apekatt, miko. og ein stor slange som var forbanna på oss, så me måtte berre komme oss videre.
etter eit forfriskande isbad i elva var det berre til å komme oss i seng etter middag.
tredje og siste dag.. me trudde sekkane skulle vere lettare sia me hadde ete opp all maten nesten, men nei da.
no var den dobbelt så tung av alle dei våte klea... me klatra opp eit par hundre meter (beintungt) før me kom til noke som kunne ligne sognefjellet (1300 moh).
vi såg fossefallet ovenfra og ned og innsåg da kor høgt det egentlig var. dei var eit fantastisk syn. og det var og da eg lovde meg sjøl, no har de det skreve, at når eg kjem heim til norge så skal eg gå over vettismorki og opp stølsmaradalen. det er pinlig og sei det, men eg har aldri vert der. turen ned igjen var berre fantastisk med moder jords trappetrinn rett ned i ein søt liten landsbygd. slitne og lykkelige unte vi oss ein god middag i lencois før vi hoppa på bussen tilbake til salavdor. så no ligger dei andre jentene og sover mens eg er høg på sukker og kaffe.... heldigvis har eg masse bilder fra turen, slik at eg kan bevise at eg har vert der, for eg hadde ikkje trudd meg sjøl....
no er planen å finne ein buss til recife så fort som mulig, og reise derifra til natal. men først skal vi fire amazon kvinner finne ein plass der vi kan få massage, manikyr, pedikyr og ansiktsmaske... må vere litt jenter sammen og :)
og så skal vi ha ein trekking fest i kveld. vi begynner med sunne produkter før vi sikkert går over til høge drinker og jentefakter.. det skal bli fantastisk! og ja, vi skal vere forsiktige. vi er alltid det. vi har jo nettopp overlevd 4 dager i i fjella.
men no må eg gå, skal vaske kle. glad i alle heime! klem fra stine
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar