lørdag 5. januar 2008

Nytt år, nye muligheitar

Som eg ser på den forrige bloggen, så skulle g liksom bli flinkare til å legge inn nye innlegg. Men sidan min heimreise vart framskynda, så vart det ikkje noke meir blogging. Eg skylder på latskap. Men no er me i 2008, og ein ny tur er i nermaste framtid. Før eg begynner på den, kan eg fortelle om slutten av turen, og om dei siste månadna i Norge.

Eg avslutta den forrige bloggen da eg hadde nett flytta inn i The Mansion som det vart kalt. Me var altså tre jenter som hadde det som plommen i egget. Vi rota mykje rundt i Bahia og såg på markeda (og folka), festa ein del i Zona Rosa og hang generelt rundt om kring i byen heile tida. Me hadde og ei helg i Moñtanita sammen Daly og Elena, og Leo og Caroline. Kort oppsummert så vart det fest, strand og fine daga. Me var så heldige og fekk ein leilighet, og levde sammen i harmoni i eit par dagar. Men mørke skyer nerma seg. Ein dag måtte Tuva reise heim desverre. Så da var me berre to... Så fekk eg etter mykje om og men bestemt meg for å reisa heim. Så eg og Marte fekk noken dagar sammen før eg måtte kaste meg på bussen til Quito. Og det er der den olange turen heim starta.... Eg kom til Quito etter 10 timar i ein råten buss. Der var det berre til å skifte kle, for å reise ut for å møte Ellisif. God venninne fra Bergen. me havna som vanlig på fest, kan jo ikkje stoppe når me først hadde tatt ei øl :) Enda opp på ein luguber plass med fremmede. Alt enda opp med å krype til sengs langt på natt. Etter ein koselig lunch med Ellisif dagen etter, så bar det avgårde til flyplassen. Fly eit par tima til Lima, Peru, og vente der. Fly til Saõ Paulo, Brasil. Vente ti timar... Fly til London ( uten å sove i eit sekund). Vente 5 timar. Fly til Oslo, og møte Mamma :) Så eg overlevde, men neste gang skal det bli maks 1 stopp på vegen!

Etter det har eg budd på jenterommet og jobba i Tya som før. Har hatt eit par tura til Bergen og på hytta, men ellers så har eg holdt meg heime. Har heng med venner, tatt igjen søvn for 6 mnd og jobba masse. Har vert med på at min bror flytta heim, flytta besteforeldrene og innsett at tante og onkel har faktisk flytta vekk til Tranby...

No står eg snart med sekken på ryggen igjen. Om to veker reiser eg til bergen for å helsa på venner, reise direkte fra Møhlenpris til Trondheim/Levanger for å møte familie og nesten rett til Drammen/Oslo for å helse på familie og venner. Mandag 28 Januar sitter eg på flyet til Salvador, Brazil!!! Carnival 08 begynner den 31 jan, så me vil vere eit par daga i forvegen. Og me er Stine og Thom, igjen :D Me har planlagt Salvador og Rio de Janeiro før me venda nasen vest og til Valpariso, Chile. Er ein festival der og venner som ventar på oss. Eller har me planlagt Bolivia, Peru og Colombia. Og eg vil resie vidare til eit kontinent som begynner på A...

Så neste blogg er fra det sydlige strøk, igjen ;)
until then, ha ein fortreffelig aften.

xoxo